Moa og Samuel har bestemt seg for å berre vere venner. Alt var så rotete då dei var forelska, og no er alt mykje enklare. Moa står ikkje lenger ved sida av når gutane køyrer skateboard. Ho køyrer sjølv. Og det er faktisk muleg å gjere eitkvart for verda viss ein verkeleg vil. Det har også Samuel oppdaga. Ein må sjølv vere med på å endre. Sjølvsagt klarar ein seg utan kjærleik når det finst vennskap, men det er ikkje så lett som dei trur. Dette er sjuande og siste boka om Samuel og Moa. Nynorsk tekst. Fortelling for mellomtrinnet.