Stupeteknikk

Novelle  •  Vaksne

Stupeteknikk : noveller

Ingrid Senje

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

I novellesamlina "Stupeteknikk" er alle personane på kanten av høge stup, det vere seg på reise eller midt i kvardagen. Her møter vi personar som gjer tilsynelatande heilt irrasjonelle ting, men for dei er det handlingar som kjennast naudsynte. Når avstanden mellom den dei er og den dei vil vere er for stor, tar dei val som er vanskelege å forstå. I boka blir vi mellom anna kjende med eit par som reiser gjennom Europa. Med seg har dei eit traume dei ikkje har tilarbeidd. Vi møter ei jente som ynskjer å bli sett av stupetrenaren sin, men stefar hennar må ikkje få vite om det. Og vi blir kjende med ei mor som på ein fjelltur saman med barna finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ingrid Senje har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og novelleantologien "Ingenmannsland". Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content