Systrarna

Roman  •  Vaksne

Søstrene

Jonas Hassen Khemiri

2023

Originaltittel:Systrarna
Omsett av:
Andreas E. Østby

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Anbefaling frå biblioteket

Dette er boka for deg som liker at ei god historie (nesten) aldri tek slutt.

Khemiri veksler mellom å fortelje om seg sjølv og om dei tre søstrene Mikkola, frå barndom og ungdom inn i ungt vaksenliv og etablering av familie. Boka har tidvis eit detaljnivå som gjer tempoet svært sakte. Likevel gjer dei to forteljarperspektiva, og gode personbeskrivingar, at lesaren vert dregen med vidare. Etter kvart reiser det seg ein del spørsmål – kva er samanhengen mellom forfattaren og søstrene? Kva er sant og kva er oppdikta? Ligg det verkeleg ei forbanning over søstrene? Khemeri rører ved tema som fattigdom, kulturell utanforskap, psykisk sjukdom, samliv, identitet og sosial status. Karakterane er dynamiske og realistiske, og me vil gjerne vite korleis det går med dei i livet. Avslutninga på boka gjorde at det var vel verdt tida det tok å lese alle dei 654 sidene!

Om boka

  • Familieforhold
  • Systrer
  • Stockholm (Sverige)
  • New York (byen) (New York (staten), USA)
  • Tunisia
  • 2000-talet
Ina, Anastasia og Evelyn. Det er navnene til de tre Mikkolasøstrene. Deres mystiske skjebne har gang på gang krysset Jonnas Hassen Khemiris familiehistorie. Familiene har lik bakgrunn og de samme drømmene. Men mest av alt deler de den rare følelsen av at livene deres styres av en forbannelse, som går tilbake til et annet land i en annen tid.

Utgåver