"Tråtten om Eindride og Sigrid" er teken ut av "Flatøyboka", nedskriven på slutten av 1300-talet. Dette er ei forteljing om ung kjærleik som skal ha utspela seg for nesten 1000 år sidan - skiftevis mellom Trøndelag og Rogaland. Dei to ungdomane forelskar seg i kvarandre, men kunne ikkje utan vidare få kvarandre, då dei var barn av to mektige menn, Erling Skjalgsson og Einar Tambarskjelve. I denne historia får ein eit nært innsyn i korleis menneska tenkte og følte på denne tida. Det er første gongen denne forteljinga blir fortalt på moderne norsk. Den norrøne teksten er og teken med. Lan Ragnar Hagland som har omsett boka frå norrønt, har og skrive eit etterord. Med ordforklaringar og bibliografi. Nyn.