The big bazoohley

Roman  •  9 – 12 år

Den store premien

Peter Carey

2001

Originaltittel:The big bazoohley

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Tiårige Sam fartar frå stad til stad saman med faren, som er profesjonell gambler, og mora, som er målar. Den lille familien held saman og Sam lever på mange vis eit godt liv, sjølv om pengesituasjonen vekslar ein del på grunn av foreldra sine yrke. Men den optimistiske faren seier alltid: Når ei dør lukkar seg, opnar det seg ei anna. Å finne opne dører blir også Sam si utfordring når han på eige hand fer på leiting etter ein rik eksentrikar som skal kjøpe eit måleri frå mora. På vegen hamnar Sam i ei tevling for barn der utsjånad, dans og etikette blir vurdert. I denne kunstige verda ter Sam seg som ein normal, skitten, uvøren og impulsiv gut, og vinn mot alle odds domaren sitt hjarte. Arrangøren av konkurransen viser seg dessutan å vere den forsvunne målerikjøparen. Slik ender det godt i ei ganske vill og pussig historie, rik på morsomme opptrinn og gode skildringar og med god språkleg flyt. I boka spelar det magiske ei rolle ved sidan av det realistiske, og med hjartet på rette staden og ein porsjon initiativ vinn Sam fram. Barnet sin måte å ta krefter og evner i bruk for å takle ei vaksenverd med mange absurde trekk gjer dette til ei historie ein kan grunne over.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content