Har du leita etter ei bok som kan gje deg noko av same leseopplevinga som du hadde med "Svøm med dem som drukner" av Lars Mytting? Då er "Svarthuset" ei bok for deg! Her får du ei fascinerande miljøskildring av Isle of Lewis. Det er sytten år sidan Fin Macleod sist var der. No skal han hjelpa til i ei grusam mordsak. Men mord–etterforskninga får også fram minner frå den triste barndommen hans på øya.
Litteraturkritiker i Dagbladet, Cathrine Krøger, seier det godt: "Inni kriminalfortellingen er det en realistisk, brutal og rørende oppvekstskildring, en roman i romanen. Begge fortellingene rommer det beste fra sine sjangre." Tonen er kvardagsleg og sår, men innimellom også morosam. «Svarthuset» er første bok i ein triologi med etterforskar Fin Macleod.