Roman • Historiske forteljingar • Vaksne
Boken med glemte navn
2021
Lån boka
Anbefaling frå biblioteket
Oppslukande og fengslande lesing!
Liker du å lesa om realistiske karakterer? Då vil du nok bli glad i godhjarta Eva som er hovudpersonen (jeg) i Boken med glemte navn. Eva er nå (mai 2005) ei eldre kvinne, men boka er tilbakeskuande slik at me som lesarar får godt innblikk i dramatiske og avgjerande hendingar frå sommaren 1942 då Eva var ein sentral aktør i forfalsking av reisedokumenter til jødiske barn slik at dei kunne reisa frå ei lita fjellbygd i Frankrike over grensa til Sveits. Tonen i boka er hjarteskjerande og sørgjeleg, men samtidig også varm, håpefull og romantisk. Språket er alminneleg og lettflytande. Det er godt driv og som lesar blir ein fengsla. Jenta med blå stjerne av Pan Jenoff og Den hemmelige gaven av Natasha Lester kan gje noko av den same leseopplevinga.
Anette Garvik
Nærbø