Forteljinga startar når hovudpersonen Themis feirer fødselsdag og har samla fire generasjonar i leiligheten sin i Athen. Ho har både barn, barnebarn og oldebarn på besøk. To av barnebarna er igjen litt lenger etter selskapet og Themis fortel dei sin eigen livshistorie. Dette er arven ho kan gje dei. Ho var 14 år då tyskarane okkuperte Hellas under andre verdskrig. Også før 2. verdskrig var det store sprik i politisk overbevisning blant grekarane og innad i familiar, også i Themis`s familie. Boka har godt driv skapt av gode karakterskildringer. Romanen er vond, sår, men også varm.