Gulatinget og Gulatingslova er det eldste lagtinget og den første lovsamlinga i Noreg, og det første representasjonstinget. I år 995 er 13 år gamle Arne med far sin til Gulatinget i Sogn. Dette var ei tid då øks og spyd sat laust, og Arne blir vitne til brutale drap. Men både i heimbygda hans og på sjølve Gulatingsstaden grip lova inn når nokon har brote freden. Gulatingslova gav folk i ein heil landsdel reglar å gå etter når dei skulle løyse stridsspørsmål seg i mellom. Bak i boka er faktatekster med utfyllande opplysningar om lova, tinget og utviklinga fram til i dag. Har mange illustrasjonar. Faktabok for mellom-/ungdomstrinnet.