To nissar

Biletbok  •  3 – 10 år

To nissar

Geirdis Bjørlo

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Nissar
Ein gardsnisse er eit lite vette som helst bur på låven. Nissane passar på dyra og er gode hjelparar for menneska. Men nissane hjelper berre til på eigen gard, og treng dei det, kan dei både lure og stele. Svingennissen og Nissen på Bakken er ikkje annleis enn andre nissar, men ei jul hender det noko særskilt som gjer at dei to vert vener og vel forlikte for alltid. Denne historia er basert på teaterstykket ®Svingennissen og Nissen på Bakken av Geirdis Bjørlo og Sigurd Lysbakken. Stykket hentar inspirasjon frå norsk folketru, og historia fortel mykje om gamle norske skikkar og korleis folk levde og tenkte før i tida. Forteljinga er spennande og har god framdrift. Boka er illustrert med teikningar utført med fargeblyant, og dei gjev eit fint inntrykk av folketru og vinterstemning. Forteljinga er eit anna og spennande tilskot til julelitteraturen. Samlaget, 2000.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content