Lån boka
Anbefaling frå biblioteket
Prisvinnande og kritikarrost debutroman!
Forfattaren skriv ærleg og rett fram om livet i Belfast og Nord-Irland på 70-talet. Gjennom hovudpersonen, katolske Cushla, og hennar kjærleiksforhold til den protestantiske advokaten Michael, får me innblikk i kontrastar og konfliktar. Kjærleik og vald, fattigdom og velferd, overgrep og omsorg, tillit og svik, rett og urett. Kunne menneske i eit moderne, nord-europeisk land i nyare tid verkeleg måtte leve under slike omstende? Forfattaren roper ikkje høgt med store bokstavar, men manar likevel fram menneske som vekkjer til medkjensle og ettertanke.
Marit L. Undheim
Nærbø