Dette er ei fakta- og fiksjonsbok der tre unge frå Serbia og Montenegro fortel om heimlanda sine. Dei fortel om leik, vennskap, skoleliv, musikk, sport, familieliv og festar. Dei mangekulturelle og vakre landa har ei blodig og spennande historie. Boka har mange bilete og fakta om landa, legender, eventyr, heltekvad og barneregler og nokre vitsar. Bak i boka er ein oversikt over litteratur om Serbia og Montenegro og eit ordregister. Illustrert med fargefotografi. Faktabok for ungdomstrinnet.