Vi lever på ei stjerne

Vaksne

Vi lever på ei stjerne : ein biografi om Hannah Ryggen

Inga Elisabeth Næss

2002

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Hannah Ryggen (biletvevar), 1894-1970
Hannah Ryggen sat ofte på det blå skrinet framfor den heimesnekra oppstadveven og vov - over hundre store teppe som er vakre og uttrykksfulle og fortel om den nære fortida vår. Med heimspunne og plantefarga garn vov ho alt som rørte henne: morshjartet, kjærleiken, undertrykking og krig. Veven vart eit lerret der ho dikta inn draumane sine. Hannah Ryggen opna nye vegar i den gamle biletvevkunsten. Ho laga ikkje kartongar først, men vov motivet direkte inn i veven. Slik gav ho biletveven eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk. Ryggen var ein pioner innan episk, forteljande vevekunst, og teppa hennar vart stilt ut på Biennalen i Venezia, i Paris og New York. Inga Elisabeth Næss gir eit nærgåande, varmt og nyansert portrett av ein spennande kunstnar og livet hennar. Boka har over 100 bilete av teppa til Hannah Ryggen. Nynorsk tekst. Forhåndsomtale.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content