Denne boka viser ein heil by med omland, med hus, gater og ein vrimmel av saker og ting. Bileta gøymer ei rekkje små forteljingar som handlar om kva folk og dyr opplever her ein vanleg vinterdag: Birgit kjem enda ein gong for seint til bussen. Lenes papegøye stikk av, Anders tek sin daglege joggetur, på fortauet ligg ein raud pengepung som nokon har mista. Bileta fortel alle dei små historiene som utspelar seg ein slik dag. Her kan ein lære kva ting heiter, og korleis namna blir skrivne. Bilete-/myldrebok for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.