Susan flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. For Susan er alt nytt, men no skal sjølvstendige Susan fri seg frå masete foreldre og alt det gamle. No skal ho berre danse, danse alt frå antilopesprang, arabesk og piruettar. Det skal bli eit nytt liv. Men ho skjønar ikkje kvifor dei andre jentene ikkje snakkar med henne, og kva med han guten som kjem nær, eller kva med han med lause skolisser som smell i golvet, eller kvifor hybelvertinna bryr seg. Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten. Forteljing for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.