Verkstad og kreativitet

Frøbibliotek

Lån-Dyrk-Sank-Lever

logo
logo
logo

Nå kan du låna frø på biblioteket, og dyrka dine eigne planter heime.

Lån frø på biblioteket og så dei heime. Når hausten kjem, sankar du frø frå planten du dyrka, eller planter du har frå før. Nokre av desse frøa kan du levera til biblioteket, slik at andre kan låne dei neste år.

Kvifor er frøbibliotek eit viktig tilbod?

Me ynskjer at fleire skal få kunnskap om korleis ein hauster frø. Dette er viktig for å ta vare på , og nytte oss av dei ressursane me har rundt oss. Det er også for å sikre at denne kunnskapen ikkje forsvinn. Alle kan så eit frø, du treng ikkje ha stor hage eller kunnskap om planter for å prøva deg. Ynskjer du å læra meir, har me mange hagebøker på biblioteket som du kan låna. Hagelaget har også mange tilbud gjennom året som du kan delta på.

Reglar for bruk av Frøbiblioteket

Frøbiblioteket er gratis og for alle.

På våren: Ein kan maksimalt låna fem frøposar per husstand per besøk på biblioteket. Ein kan berre låna éin pose av kvar frøtype per besøk. Hugs å registrera det du låner.

På hausten: Når du leverer tilbake frø, er det viktig at posen/kaffefilteret er merka med plantenamn og årstall.

Har du frø du vil donera?

Har du nokre til overs, tek me dei gjerne imot! Legg gjerne frøa i eit kaffifilter, konvolutt eller annan emballasje av papir, slik at dei ikkje rotnar. Hugs å merke med frøsorten du har samla, og evt. blomsterfargen. Årstal for sanking er også fint.

Kvar finn du frøbiblioteket?

Frøbiblioteket har hovudstasjon på Nærbø, men du finn smaksprøvar på Varhaug og Ogna.