Samlinga vår

Leser søker bok

Ønskjer du enkelt innhald eller berre litt å lese?

Logo: "Leser søker bok"
Logo: "Leser søker bok"
Logo: "Leser søker bok"

Leser søker bok formidlar tilrettelagt litteratur til dei som av ulike årsaker har vanskar med å lese vanleg tekst.

Leser søker bok samarbeider med bibliotek over heile landet. Hå folkebibliotek er med i denne ordninga. Alle bibliotek i dette nettverket mottar to pakkar i året med bøker som er gitt ut med støtte frå Leser søker bok. Bøkene har me samla i eigne hyller. Spør gjerne etter desse i skranken!

Boksøk

Det er mange grunner til at bøker kan vera vanskelege å lese. Boksøk er ei søketeneste med bøker som på ulike måter passar for alle som les i motvind. Her finn du bøker for barn, ungdom og vaksne, både skjønnlitteratur, faktabøker og teikneseriar.

100-lista

100-lista er ei gåvepakke til alle som les i motvind, til formidlarar, bibliotekarar, lærarar og føresette. Lista er ein oversikt over dei beste bøkene frå Boksøk. Bøkene på lista er valgt ut frå at dei er lesevennlege, har god litterær kvalitet og godt språk.