Samlinga består av 27 korte noveller som fortel om mentale, seksuelle og familiære band, om kjærleik, innfløkte, nødvendige og uunngåelege situasjonar, om forknytte og ikkje fullt så forknytte menneske. Ein misnøgd hjort, ein mann som er knytt til mora si gjennom ein ubryteleg navlestreng og ei ung kvinne som er hemmeleg forelska i sin dødssjuke besteven, er blant karakterane vi møter.