Biletbok. Faren i denne tobarnsfamilien spelar fele på fritida. Eldsteguten har svært dårleg syn, men far har lova at han også kan lære å spele fele, for fingrane er det ingenting i vegen med. Bror og far har eit eige plystrespråk seg imellom, som ikkje veslesyster Bitta kan forstå. Men ein dag då far er i skogen og sagar ned store tre, skjer det som ikkje måtte skje: Han får treet over seg! Berre Bror er med, og no spørst det om han klarer å hjelpe faren. Nynorsk tekst.